Funksjonar for feilhandtering

Bruk desse uttrykka og funksjonane for å bestemma korleis LibreOffice Basic skal reagera på køyretidsfeil.

LibreOffice Basic har fleire måtar for å hindra at programmet vert avbrote når det møter ein køyretidsfeil.

Erl-funksjonen

Returnerer linjenummeret der feilen dukka opp under køyringa av programmet.

Err-funksjonen

Returnerer ein feilkode som indikerer feilen som oppsto under køyringa av progrmmet.

Error-funksjonen

Returnerer feilmeldinga som høyrer til ein gjeven feilkode.

On Error GoTo ... Resume-uttrykket

Opprettar ein felhandsamingsrutine etter at det oppstod ein feil, eller tek opp igjen programkøyringa.